Det finst mange hus i Norge med namn som "Det raude hus", det blå eller det grøne. Men i følgje Norvald Røyset finst det ingen hus som ber namnet "Det kvite hus". Ikkje før inntil nyleg. For no er "Det kvite hus" registert i Brønnøysundregisteret, med organisasjonsnummer og det heile.

20. mai skal bebuarane i "Det kvite hus" på Ytre Hareid, nærare bestemt ein ny seksmannsbustad ved Brandalsvegen, halde innviingsfest, og no har dei sendt invitasjon til president Obama, som dei fleste veit bur han i "Det hvite hus" i Amerika.

- Slit med å få landingsløyve på Vigra

Status for Obama er er at han har fått invitasjonsbrevet.

- Men han slit med å få løyve frå AVINOR til å lande på Vigra med Jumbojeten sin (Boeing 747-800), flyplassen er i minste laget, kommenterer Norvald Røyset, som er ein av dei som bur i "Det kvite hus", med humoristisk røyst, - og legg til:

- Det spørst om ikkje Gunvor Ulstein må settast på saka med å få utvide flyplassen snarast.

Flaggar uansett

Om presidenten ikkje kjem, vil det uansett blir flagging 20. mai. Fredag 13. mai var det prøveflagging på den nye flaggstanga som er sett opp ved "Det kvite hus". Ho er 14 meter høg rager 19.1 meter over gatenivået  på framsida av bygget.

Det meste tyder på at presidenten ikkje kjem. Men bebuarane i "Det kvite hus" satsar på ein fin fest uansett.