Tal frå NAV syner at det var 2878 personar i Møre og Romsdal som var heilt utan arbeid i september. Det vil seie at 2,1 prosent av den totale arbeidsstokken er utan arbeid. Talet er 3,4 prosent høgare enn på same tid i fjor. Fylket ligg godt til på landsbasis og det er berre Sogn og Fjordane som har ein lågare del av arbeidsstyrken utan arbeid. Troms har også 2,1 prosent utan arbeid. Største arbeidsløysa finn ein i Østfold med 3,7 prosent og Oslo med 3,6.

Lokalt går talet på heilt ledige ned både i Ulstein og Hareid. Så langt i år har begge kommunene 26 færre personar som står heilt utan arbeid. Frå august til september har talet på heilt ledige gått ned med 20 i Hareid og 17 i Ulstein kommune. I løpet av det siste året er det berre Molde (27 færre) og Giske (30 færre) som har større nedgang i talet på heilt ledige.

Totalt er det 66 heilt ledige i Ulstein, 34 menn og 32 kvinner, medan det er 65 heilt ledige i Hareid, 34 menn og 31 kvinner.

Den siste månaden har også Herøy hatt ein nedgang i talet på heilt ledige med 16 færre. Sande har ein svak nedgang, medan Vanylven og Volda har ein færre heilt utan arbeid. Ørsta er einaste kommunen på søre Sunnmøre der talet på heilt ledige gjekk opp. Der er fire fleire heilt ledige.

I prosentdel av arbeidsstokken er det Rindal som har færrast arbeidsledige med 0,9 prosent. Høgast i fylket er stordal med 4,7. I Ulstein er 1,5 prosent av arbeidsstokken heilt utan arbeid, medan talet er 2,5 i Hareid.