På politiloggen står det ingen ting om hendingar på Ytre Søre i natt.

Men i Volda har det vore litt vilt.

Ein mann har varsla at han kjem til å melde ein annan kar fordi han i natt slo ut ei tann på han.

Ved Statoil-stasjonen vart politiet vitne til to menn som slåst. Politiet viste begge bort frå sentrum. Den eine hevda at den andre hadde slått han, men det var ingen personskader.

Nokre minutt seinare vart ein annan mann slått ned like ved Statoil-stasjonen. Politiet var vitne, og gjerningsmannen vart pågripen med det same. Den eine var ein tenåring, den andre i tjueåra. Politiet vil opprette sak.