Hareid formannskap har med 5 mot 2 stemmer gått ionn for skjenkeløyve for Hareid Pizza og Pub AS på ytre Hareid.

Skjenkeløyvet inneber bl. a. at etablissementet får skjenke alkohol med inntil 60 prosents styrke (d.v.s. brennevin) mellom klokka 13 og 24 alle dagar.

Men på utearealet gjeld løyvet berre alkohol inntil 22 prosent, også der avgrensa til klokka 24.

For varegruppa 2,5 - 22 prosent er løyvet avgrensa til mellom klokka 11-01 (natt) søndag-torsdag og mellom klokka 11-02 (natt) fredag og laurdag.

Kommunestyret avgjer endeleg.