Rapporten er utarbeidd av Åknes/Tafjord beredskapssenter i samarbeid med Fylkesmannen og fleire kommunar i området, fortel Sunnmørsposten.

Mellom anna vil 800 bustader og 216 hytter bli evakuerte, og rapporten skildrar kva konsekvensar bølgja vil få for mellom anna straum, vatn, avløp, telefon og datasamband på dei ulike stadene i området.

Følgjer for offentlege bygg, næringsbygg, landbruk, oppdrettsanlegg og samferdsel er òg omtala, ifølgje smp.no.