Brandal Båtlag ventar på at sjøområdet frå Brandal sentrum til Karlhaugen skal bli regulert frå NFFFA-område (Natur, fiske, ferdsel, friluftsliv, akvakultur) til NFF-område (Natur, fiske, ferdsel, friluftsliv).

18. juni 2015 vedtok Hareid kommunestyre at «administrasjonen skal legge fram sak om rullering av NFFFA-arealet i løpet av 1. kvartal 2016», og dette er bakgrunnen for at Brandal Båtlag har purra kommunen, og kome med krav om at vedtaket skal setjast ut i livet straks.

Men Brandal Båtlag er altså ikkje nøgde med svaret dei har fått frå Hareid kommune ved Kai-Rune Bjørke:

«1. Administrasjonen har lagt fram sak om rullering av kommuneplanen sin arealdel i formannskapet 7.3. 016. Jamfør formannskapet sitt vedtak i PS 25/16 Rullering av kommuneplanen sin arealdel - oppstart og prosess. Vedtaket var samrøystes.»

Viser til vedtak

Brandal Båtlag viser til at dette gjeld den generelle rulleringa av kommuneplanen.

- Men etter vedtaket i PS 49/15 vart det faktisk vedteke at rulleringa av NFFFA-området i Brandal ikkje skulle vente på den generelle rulleringa men takast opp for seg sjølv i løpet av 1. kvartal 2016. Konkretisert tyder dette før 1. april 2016. Vedtaket er sabotert. Framlegget frå rådmannen om å vente på den generelle  rulleringa fall med 16 mot 4 røyster.

Brandal Båtlag går også i rette punkt to i svaret dei har fått frå administrasjonen:

«2. Av vedteken aktivitet og framdriftsplan ser ein at det vert lagt opp til handsaming av planprogrammet i formannskapet den 9.5. 2016. Vedtaket i PS 49l15 og problemstillinga kring endring av NFFFA-sjøområdet i Brandal vil verte omtala og vurdert der.»

- Her syner administrasjonen atter ein gong at dei saboterer vedtaket i PS 49/15. 9. mai er i 2. kvartal 2016, og det er den generelle rulleringa som vert omtala. Også under dette punktet syner administrasjonen at dei arbeider i strid med kommunestyrevedtaket, svarer Brandal Båtlag.

Heller ikkje punkt 3 i svaret frå administrasjonen fell i god jord hos Brandal Båtlag:

«3. På bakgrunn av prosjektet marine grunnkart, har formannskapet vedteke å få utarbeid Marin Næringsplan. Denne planen vil gje eit godt grunnlag inn i rulleringa av kommuneplanen sin arealdel, med tanke på å vurdere framtidige lokalitetar for sjøretta næring.»

På akkurat dette punktet er Brandal Båtlag samde med administrasjonen, men legg til i svaret sitt:

- Men det har ingenting med vedtaket i PS 49/15 å gjere. Kommunestyret sitt vedtak i PS 49/15 går nemleg ut på å endre status på området utanfor Brandal uavhengig av kva vurderingane i den generelle rulleringa fører til.

- Ordførar for alle

Rådmannen sitt framlegg fall med 16 mot 4 røyster. Likevel held administrasjonen fram med å arbeide som om framlegget vart vedteke. Dette er maktbruk i strid med demokratiske spelereglar. Ansvaret for at kommunestyrevedtak vert sett ut i livet, kviler på ordførar og deretter dei andre folkevalde i formannskap og kommunestyre. Særleg er dette viktig når administrasjonen saboterer vedtak eller ikkje gjer jobben sin av andre grunnar. Brandal Båtlag veit at ordføraren tilhøyrer mindretalet i denne saka. Vi har notert oss at han nekta representanten Bernt Brandal eit oppfølgjingsspørsmål om vedtaket frå PS49/15 til det misvisande

svaret frå rådmannen i møtet 17. 3 2016. Dette er i strid med reglement for kommunestyret pkt 22. a): «... Debatt er ikkie tillate, men spørsmålsstillar har høve til å stille eitt tilleggsspørsmål...»

- Brandal Båtlag reknar likevel med at han er ordførar også for oss - og ikkje berre for dei som har same meining som han. Brandal Båtlag ber med dette ordførar Anders Riise om å sette vedtaket i PS 4gl15 ut i livet straks, heiter det i svarbrevet, som er underteikna av sekretær Sigurd Eliassen.