Då skipet Kvitbjørn grunnstøytte på skjeret «Lisje-Kråka» utanfor Skeide i sommar tok det med seg ein stake som ikkje har blitt sett opp igjen av Kystverket.

Egil Ulfstein (Høgre) stilte spørsmål om dette på siste kommunestyremøte i Ulstein.

- Veit kommunen noko om dette, og kva er grunnen til at denne ikkje er satt opp igjen, ville Ulfstein vite.

Kommunalsjef Arne Runar Vik svara at kommunen ikkje har fått formell informasjon om den manglande staken, men dei hadde same dag vore i kontakt med Kystverket og informert om at der manglar ein stake ved «Lisje-Kråka».

Dermed ligg oppretting av dette inne i jobblista til Kystverket.