Formannskapet i Ulstein kommune vedtok onsdag at kommunalsjef for teknisk sektor, Arne Runar Vik, vert konstituert i stillinga som assisterande rådmann. Leiar for plan- og bygningsavdelinga, Anita Sundnes, vert konstituert i stillinga som kommunalsjef for teknisk sektor.

Utvalet vedtok  28. juni at ass.rådmann Verner Larsen vert konstituert i stillinga som rådmann medan Einar Vik Arset har permisjon. I same møtet fekk ordførar, varaordførar og Knut Kleiven mynde til å godkjenne administrativ organisering i permisjonstida, skriv Ulstein kommune på si heimeside.