Grunna anna arrangement på biblioteket i Ulsteinvik onsdag blir Psykologtimen med Tomas Brandal Myklebust denne veka gjennomført tysdag kveld.

Denne gongen har Myklebust fått med seg Atle Måseide frå Hareid. Måseide er pensjonert filosofiprofessor og ein svært kunnskapsrik mann med brei erfaring frå ulike universitet, både i inn- og utland.

I invitasjonen til vekas Psykologtime skriv arrangørane: «Med sine 80 år og filosofiske refleksjonar, er det mykje vi kan lære av han om livet».

Psykologtimen går denne veka tysdag og startar 20.00. Du kan sjå Psykologtimen her på Vikebladet.no.