I fylgje politiet på Sunnmøre vart ein 20 år gamal mann frå Herøy teken i ein fartskontroll i Kvivstunnelen tysdag kveld. Farta vart målt til 137 km/t i 80-sona og mannen fekk kverrsett førarkortet på staden.