I eit brev til SASBraathens gjer Rødset det klinkande klart at maritimt næringsliv på Søre Sunnmøre ikkje kan akseptere at SASBraathens sløyfar avgangane klokka 07.00 og 08.25 frå og med 2. juli til og med 10. august 2007. Dei krev at det vert sett inn flyavgangar som korresponderer med hurtigbåtavgang frå Hareid. Det er heilt uakseptabelt å måtte reise frå deler av regionen klokka 03.00 om natta for å kme seg til Oslo før klokka 12.00, melder Rødset. Maritim foreining Søre Sunnmøre representerer 30 bedrifter og om lag 3000 tilsette. I tillegg er her ca. 1000 personar som er innleigd arbeidskraft. Ordrereserven i medlemsbedriftene er samla på om lag 30 milliardar kroner, og ca. 40 prosent er eksport. I tillegg er store deler av ordrereserven til andre deler i Noreg.

Flybillettar for 200 mill. kroner

Produkta er høgteknologiske skip og skipsutstyr. Produksjon, produksjonsoppfølging og sal krev stor reiseverksemd, og fly frå og til Vigra er desidert viktigaste kommunikasjonsmiddelet. Slik ordresituasjonen er no, blir det arbeidd ved dei fleste bedriftene i heile juli. Rødset trur den maritime industrien på Søre Sunnmøre i løpet av eit år kjøper flybillettar for over 200 millionar kroner. Og hovudleverandøren er nettopp SASBraathens. Bedriftene våre har vore svært lojale mot SAS Braathens. Det er difor svært skuffande at flyselskapet i juli og ut i august tek bort to avgangar om morgonen, med unntak av onsdagane, kommenterer Rødset, som har rekna ut av dette er ein reduksjon på nesten 50 avgangar frå Vigra til Oslo. Det går fly klokka 06.15. Som kjent ligg vi på øyar der vi er heilt avhengige av hurtigbåt frå Hareid til Valderøy. Første båt går frå Hareid klokka 05.50, noko som er spesialtilpassa flyavgangen klokka 07.00. Alternativet til å rekke 06.15-flyet er å ta ferje frå Hareid klokka 04.00. Mange har 30-45 minutts køyretid til ferjekaia. Det er meiningslaust at folk må reise heimanfrå klokka 03.00 for å kome til Oslo klokka 12.00, meiner Rødset. No oppmodar han SASBraathens om å vise ansvar i ein tilnærma monopolsituasjon. Det må i alle fall gå eitt fly tidleg på morgonen som folk på Ytre Søre kan nå med hurtigbåtavgangen klokka 05.50.