Nyhende →
Fryktar at Timeekspressen via Ulstein blir "Totimarsekspressen"
Under eit møte i Ulsteinvik nyleg gjekk dei to sentrale fylkespolitikarane Olav Bratland (H) og Asbjørn Rutgeirson (Sunnmørslista) inn for at Timeekspressen skal skifte reiserute og heretter køyre via Ulsteinvik og Hareid på strekninga Moa-Volda. Men dette gir ei auka reisetid på ein halvtime og meir, skriv Møre-Nytt og døyper Timeekspressen om til "Totimarsekspressen".