– Nordea er opptatt av å gi næringslivet dei beste løysingane og den beste rådgjevinga, seier banksjef Bergsvein Øvrelid. Nordea har derfor valt å samle ressursane innanfor bedriftsrådgjeving i Nordfjord og på Søre Sunnmøre under felles leiing, medan rådgjevarane framleis vil vere lokalisert lokalt, nær kundane.

– For å klare å tiltrekke oss dei beste medarbeidarane har det blitt eit eintydig krav at vi må tilby større fagmiljø. Dette har etter kvart også blitt nødvendig for å utvikle og behalde dei dyktigaste rådgjevarane og skape den nødvendige fleksibiliteten for å sikre god oppfølging av kundane seier Øvrelid.

Den nye avdelinga vil dekke kommunane Vågsøy, Selje, Bremanger, Eid, Gloppen, Vanylven, Hornindal, Stryn, Volda, Ørsta, Sande, Herøy, Ulstein og Hareid. Nye kommunikasjonsløysingar bind Nordfjord og Søre Sunnmøre sterkare samen og gjer kvar enkelt rådgjevar meir fleksibel til å betjene kundane i heile regionen.

– Vi opplever no stor usikkerheit i det globale finansmarknaden. Kredittmarginane som bankane må betale har auka mykje samtidig som dei skal tilpasse seg eit nytt internasjonalt regelverk. I den siste tida har det kome signal om at nokre bankar ikkje lenger låner ut pengar til nye prosjekt. Nordea har imidlertid vore, og vil framleis vere, ein langsiktig samarbeidspartnar for eksisterande og nye kundar i regionen, understrekar banksjef Bergsvein Øvrelid.