I september i fjor vart det innført ølsal i butikkane i Ulstein. Høgre-politikar Anders Riise uttrykte i Hareid formannskap torsdag interesse for å få vite kor mykje omsetjinga ved Hareid kommunale ølutsal har gått ned sidan september. Ordførar Hans Gisle Holstad lova at han til neste kommunestyremøte skal ha tala – og samanlikninga med åra føre – klare til presentasjon. – Men etter det eg har forstått av munnlege samtalar har ikkje nedgangen vore vesentleg, la Holstad til. – Eg vil ha fakta, repliserte Riise. Og det skal han altså få til kommunestyremøtet 11. februar.
Nyhende →
Vil ha omsetjingstala for ølutsalet i Hareid
Politikarane i Hareid er spente på omsetjinga ved Hareid kommunale ølutsal etter at det vart innført øl i butikk i Ulstein.