For å ikkje tære på driftsfondet og bruke opp alle pengane der innan 2-3 år, lanserer rådmann Einar Vik Arset innsparingar for 8,7 millionar for inneverande år. (arkivfoto) Foto: Gunnar Wiik

I Ulstein kommune sitt budsjettvedtak for 2010 ber kommunestyret om å få revidere budsjettet i juni 2010. Politikarane hadde nok helst sett at dei fekk bruke møtet til å fordele pengar, men tilrådinga frå rådmannen og økonomileiaren er å stramme inn pengebruken i dei fleste etatane.

Rekneskapen for 2009 skulle etter budsjettet styrke driftsfondet med 12 millionar. Men rekneskapen synte eit negativt netto driftsresultat. Og kommunen brukte i staden 15 millionar kroner av driftsfondet. Held kommunen fram på same vis, vil driftsfondet vere brukt opp om to eller tre år, står det i sakspapira til Ulstein formannskap.

I samband med rekneskapsresultatet for 2009 vart det sett i gang eit innsparingsarbeid i leiargruppa for å redusere drifta med om lag 15 millionar kroner. Leiargruppa har i møte 20. april i år vurderte tiltaka og kome fram til kvar det bør sparast og kor mykje. Til saman vil tiltaka utgjere 8,7 millionar mindre i drift for 2010.

Nokre av innsparingstiltaka

Nokre av innsparingstiltaka som blir føreslege er å selje skulane i Eiksund, Flø og Dimna. Dei vil utsetje kjøp av lærarpc-ar, redusere overføring til soknet og redusere velferdsmidlar. Der skal sparast inn på skuleskyss, mindre overtid, mindre midlar til kursing innan oppvekst- og kulturetaten og teknisk etat og leiargruppa vil stengje symjebassenget delar av året. For å spare pengar innan Nav vil dei ha tettare oppfølging av brukar.