Pressa har vore viktigare enn forlaga i utviklinga av nynorsk skriftkultur. Det er ein av konklusjonane til Ottar Grepstad i den nye boka Avisene som utvida Noreg, som Samlaget gav ut i haust. Onsdag 6. oktober gir Grepstad publikum i Ivar Aasen-tunet eit djupare innblikk i denne historia. Då fortel han meir om jag etter pengar, grenselaus idealisme og svik mot sine eigne.

– Like sidan A.O. Vinje tok til å gi ut Dølen i 1858, har fleire lese aviser enn bøker på nynorsk, og avisene produserer mykje meir tekst på nynorsk enn det som finst i bokform. Med nettutgåvene sine blir avisene berre endå viktigare, seier Grepstad.

Boka brettar ut historia om nynorskpressa 1850–2010.

– I alt har det kome ut 170 aviser som formelt har vore redigerte på nynorsk eller både bokmål og nynorsk. Dei som gav ut og redigerte desse avisene ville endre Noreg, men mangla pengar. Dei ville nå langt ut, men fekk for få lesarar. Dei måtte ofte gi opp, men kom alltid att. Difor kjem det i 2010 ut 58 nynorskaviser.

Grepstad viser fleire av dei nesten 70 illustrasjonane frå boka. Svært mange av dei har aldri vore publiserte i bok før eller etter at dei stod på trykk første gongen i ei avis. Han presenterer ei raus og kunnskapsmetta forteljing som vekslar mellom myndige samanfatningar og presise detaljar. Grepstad overraskar også med historier om ukjende aviser og pressefolk. Norsk mediehistorie blir ikkje som før etter dette!