Sande kommune (vi ser størstedelen av fastlands-Sande) hadde den største prosentvise folkeveksten i Norge i 1. kvartal i år. (Foto: sunnmorskart.no)

Sande auka folketalet med 67, medan Ulstein auka med 143. Når så også Hareid (+ 36) og Herøy (+ 17) hadde ein klar folketalsauke, er konklusjonen at Ytre Søre Sunnmøre i desse dagar opplever ein nesten “skremmande” auke i folketalet.

Vanylven hadde rett nok ein nedgang på 6, men totalt sett auka folketalet på Ytre Søre Sunnmøre med 257 i det første kvartalet av året vi no er inne i.

For dei to andre kommunane på Søre Sunnmøre - Ørsta og Volda - gav 1. kvartal ein nedgang på 10 i Ørsta, medan Volda auka med 35.

Dei store endringane i folketalet skriv seg i hovudsak frå tilflytting - og først og fremst tilflytting frå utlandet. Særleg Ulstein kommune har over tid hatt mykje tilflytting frå andre land. I 1. kvartal kom 122 av 178 nyinnflytta frå utlandet.

Folkeauken i Sande kjem også av tilflytting, men i mindre grad av tilflytting frå utlandet. 86 personar flytta til Sande i 1. kvartal, av desse 35 frå utlandet. Eit særdrag ved utviklinga i Sande i 1. kvartal var at svært få flytta frå kommunen, berre 16 personar. Det er likevel oppsiktsvekkande at ein så liten kommune går til topps i landet når det gjeld prosentvis folkeauke når kommunen samtidig hadde eit negatitv fødselsoverskot (- 3).

Her er det rangerte folketalet i kommunane på Søre Sunnmøre etter 1. kvartal 2010:

Ørsta 10.333 (- 10)

Volda 8.608 (+ 35)

Herøy 8.400 (+ 17)

Ulstein 7.604 (+ 143)

Hareid 4.895 (+ 36)

Vanylven 3.465 (- 6)

Sande 2.585 (+ 67)

Dei tre kommunane i fylket som hadde størst nominell folkevekst i 1. kvartal i år var:

Ålesund + 177

Ulstein + 143

Sande + 67

Dei tre kommunane med svakast folketalsutvikling var:

Nesset - 25

Ørskog - 17

Ørsta og Sunndal - 10

* Held den sterke folketalsauken fram i Ulstein, vil kommunen passere Sykkylven i folketal i løpet av året. Ulstein ligg no berre 14 personar bak Sykkylven (7604 mot 7618).