Regjeringa går inn for å gi kommunane høve til å krevje inn eigedomsskatt på all næringseigedom – som hotell, butikkar, kontor og det som blir definert som "verk og bruk". Det tyder at kommunane framleis kan la vere å skattleggje folks eigedom om dei vel ein slik delvis eigedomsskatt.

Heim og fritidseigedom blir likevel skattlagt gjennom formuesskatten.

Unntaka i eigedomsskattelova – som kyrkjer, eigedommar knytt til kongehuset, kulturelle og historiske eigedommar og forsvarseigedommar – skal framleis gjelde, ifølgje forslaget til statsbudsjett for neste år. (©NPK)