Opphavleg hadde planen eit tiltak om å byggje bufellesskap for psykisk utviklingshemma på Skollebakken-tomta, eit tiltak som NFU (Norsk Forbund for utviklingshemmede) ikkje hadde sansen for i det heile. I det nye utkastet til plan er dette tiltaket formulert om. Fellesrådet og levekårsutvalet sa i sine uttaler at andre alternativ måtte vurderast. Ungdomsrådet stilte seg negative til desse planane m det medførte riving av eksisterande bygg. No har som kjent kommunen planar om å bruke bygget til ungdomsklubb og øvingslokale. Den siste tida er det kome fram informasjon om at 16 eldre bueiningar på Øvre Ulshaug ikkje er funksjonelle til bruk for dei bebuarane som bur der i dag. Ombygging er svært kostbart og ein må vurdere eit prosjekt med nybygg. Dette er innarbeid som nytt tiltak 2, heiter det i sakspapira til Levekårsutvalet. Bustadsosial handlingsplan skal opp som sak på møte i Levekårsutvalet onsdag 13. januar.