Marknadssjef Ingrid A. Sperre i Sunnmørsposten spår at Eiksundsambandet vil endre delsmønsteret. Innbyggjarane i regionen vil flytte meir på seg. Avstandane blir kortare, så folk vil reise til nabokommunane for å handle og dra på kulturarrangement i større grad enn tidlegare. For å møte denne utviklinga vil Sunnmørsposten lage ein del tre av avisa til kommunane Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Vanylven, Ørsta og Volda. Denne delen skal kome ut kvar torsdag og har fått namnet “Søre Sunnmøre”. Det redaksjonelle innhaldet vil vere frå nettopp Søre Sunnmøre. Slik styrker Sunnmørsposten seg både mot lesarane og annonsørane i dette området. For annonsørane treng lesarar for å nå ut til aktuelle kundar. – Me treng eit seriøst og truverdig medium som kan dekkje heile regionen som no får fastlandssamband, forklarer Sperre. Samarbeid Annonseavdelingane til Sunnmørsposten og Vikebladet Vestposten vil samarbeide om å selje annonsar. Dei vil tilby annonsørane pakkeløysingar som er attraktive for marknaden dei vil dekkje. Annonsane vil kome både i Søre-delen til Sunnmørsposten og i Vikebladet Vestposten. Annakvar veke vil bilaget bli sendt ut gratis til alle husstandane i heile denne regionen. Vikebladet Vestposten vil halde fram med å kome ut med hyppige store opplag. Avisa vil satse i dei fem kommunane Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven. I dei andre kommunane satsar dei i lag med Sunnmørsposten. Disponent og marknadssjef Heidi Myklebust i Vikebladet Vestposten og Ingrid Sperre har i lag presentert ein del av annonsørane for produktet. Dei kan skrive under på at dei nye planane blir tekne godt imot. – Kulturlivet vil bløme Dei to marknadssjefane trur Eiksundsambandet vil forandre regionen og at kulturlivet har potensial til å bløme. Nye moglegheiter vil opne seg. Når sambandet er på plass, vil det til dømes ta berre 45 minutt å køyre frå Fosnavågen til Hovden flyplass. Så her vil Vigra få konkurranse om passasjerane. “Søre Sunnmøre” vil ha to eigne journalistar plasserte i Volda og Ulsteinvik som vil dekkje Søre Sunnmøre. Samarbeidet mellom Sunnmørsposten og Vikebladet Vestposten er på annonsesida. Redaksjonelt vil dei to avisene konkurrere som før. – God avis Redaktør Asle Geir Widnes Johansen lovar at Vikebladet Vestposten vil halde fram med hyppige masseutsendingar. Når avisa no vil kome ut i fem kommunar, i staden for sju, gjer det at avisa kan spisse den redaksjonelle satsinga. Widnes Johansen har tru på at Vikebladet Vestposten kan gje lesarane eit godt og konkurransedyktig produkt.