Skal du røyste ved kommune- og fylkestingsvalet i år? Slik lydde vekespørsmålet sist veke. "Ja", seier 69 prosent av dei som har avgitt svar. 19,4 prosent svarar derimot at dei ikkje skal røyste, medan 11,6 prosent ikkje har bestemt seg enno. I alt har 242 personar avgitt svar. Denne veka tek vi utgangpunkt i at sommaren definitivt er på hell. Mange har gitt uttrykk for at dei er skuffa over at godvêret ikkje slo heilt til i år. Vi spør difor: Reiser du til Syden neste år?