"Klypa" har rulla og gått sidan starten på februar, og dei fem framsyningane har trekt fulle hus kvar gong. Det vert ekstraframsyningar 5. og 6. april på Rust, før Ryste og co set kursen mot Ålesund. Der skal dei vise fram showet til publikum 14. april. I "Klypa" møter ein mellom anna ferjemannen Bigseth, som er sint på alt og alle, og rånaren Palle som har sine daglege problem. Ein får òg sjå kor vanskeleg det er å finne seg ein god ektefelle når ein er gardbrukar, i parodien på fjernsynsprogrammet "Jakten på Kjærligheten". Men dette er ikkje alt; mange fargerike personlegdomar får liv gjennom Ryste si tolking, og publikum ser ut til å like det dei ser. Ei blanding av stand-up, filmframsyning og songinnslag har tydelegvis gått rett heim hjå dei frammøtte.