Hurtigbåten mellom Hareid, Valderøy og Ålesund går atter vanleg rute. Kaptein Steinar Molnes opplyser at vinden har spakna ein god del. - Det bles framleis, men er no godt farbart over Breisundet, opplyser han. Det blæs storm i morgontimane. Hurtigbåten gjekk som vanleg frå Hareid klokka 05.45, men komne til Valderøya hardna vinden til. Båten for vidare til Ålesund, men kaptein Steinar Molnes avgjorde at avgangen frå Ålesund klokka 07.10 førebels måtte vere den siste. Overfarten til Hareid var nokså tøff.