Kåringa skjedde under Hareid næringslag – butikkgruppa – sin årlege julemiddag på Hareid Hotel måndag. Prisen vart delt ut av Åge Nytun, leiar for personalmarknaden i Nordea Hareid. Prisen vart stifta i 1996 av Nordea, og det er i år 13. gong ei handelsbedrift på Hareid har fått denne heideren. I tillegg til heider og ære får vinnaren også ein diplom, og dei tilsette ei lita merksemd. Målet med prisen er å betre kvaliteten og servicenivået innan handelsnæringa, og i tillegg heve den generelle kunnskapen om næringa. Under utdelinga sa Åge Nytun at Karmen stettar krava på ein framifrå måte. Dameklebutikken Karmen har eit bevisst vareutval med ei klart definert målgruppe. Dei tilsette yter god service og butikken trekkjer kundar frå heile regionen. Monja Arnesen starta Karmen saman med systera Laila Muren for seks år sidan. For nokre år sidan gjekk Muren ut av kompaniskapet, og inn kom i staden mor deira, Kirsten Fredriksen. Begge er svært glade for utmerkinga. – Eg trudde ikkje mi tid var komen enno, smiler Monja Arnesen. Ho vil gjerne dele æra med mor Kirsten og dei to butikkmedarbeidarane Anita Karlsen og Elise Folgerø. – Dei er veldig interesserte og gjer ein framifrå jobb, forklarer ho.
Nyhende →
Karmen vart årets handelsbedrift Hareid
- Dette hadde eg verkeleg ikkje venta, sa Monja Arnesen då butikken hennar, Karmen, vart kåra til Årets handelsbedrift 2008 på Hareid.