Då Vikebladet Vestposten var innom G-sport Hofseth måndag føremiddag, strøymde det på med folk som skulle handle inn fyrverkeri til nyttårsfeiringa. – Vi har hatt veldig godt sal hittil i år. Problemet har vore å få tak i nok fyrverkeri frå leverandørane våre, fortel Frode Hofseth som har selt fyrverkeri sidan 3. juledag. Det er framleis fyrverkeripakkar og effektbatteri som er mest populære. – Mange av effektbatteria er verkeleg flotte og går høgt opp i lufta. Dessutan er dei mykje tryggare enn dei pinnestyrte rakettane, påpeikar han. Kvart år vert nemleg mange skadde av fyrverkeri. Førre nyttår auka skadetala, og rakettar er oppgitt som årsak til 68 prosent av skadetilfella. For å hindre skade på både menneske og heimar, er det ikkje lenger lov til å sende opp rakettar med styre-pinne. I tillegg vert det forbod mot fyrverkeri som ser ut som leiketøy. Det er dermed ikkje lov å selje eller bruke denne type fyrverkeri. Fyrverkeri som effektbatteri og fontener vil framleis vere lovlege, sidan det vert sett på som mykje tryggare i bruk enn rakettar med styrepinne. For dei som har liggjande ulovlege rakettar frå i fjor kan det fort verte dyrt dersom ein vel å sende dei opp. Politiet varslar om bøter på 7000 kroner og oppover dersom ein vert teken. Då finst det heller eit billigare alternativ. – Det er mogelegheit for å kome tilbake for å levere inn gamle rakettar hos fyrverkeriforhandlarar, så sender vi dei tilbake til leverandør for destruksjon, fortel Hofseth.

Farleg med stjerneskot

For barna er stjerneskot ofte ein viktig del av nyttårsfeiringa. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) understrekar at det er 16-års aldersgrense for å bruke stjerneskot, og at barn ikkje skal bruke det utan at foreldra er til stades. Kjernen i eit stjerneskot som brenn er mellom 500 og 1000 grader. Det er varmare enn eit vanleg bål. Gneistane som sprutar ut vert fort avkjølte, men dersom ein held stjerneskotet nær ansiktet, kan gneistane gi augeskadar og brannsår. Frode Hofseth oppfordrar alle til å vere varsame anten det er fyrverkeri eller stjerneskot ein skal bruke på nyttårsaftan, og har nokre viktige råd på lur. –Bruk vernebrillene som du får med ved kjøp av fyrverkeri. Dersom ikkje fyrverkeriet går av som planlagd, vent minst fem minutt før du går bort for å sjå kva som er gale. Det er også veldig viktig å vere edru når ein skal skyte opp fyrverkeri, understrekar Hofseth.

Droppa fyrverkeriet i år

Henrikke Vågen Bjerknes (18) var ein av fleire personar Vikebladet Vestposten var i prat med som var ute for å kjøpe fyrverkeri måndag. Ho var på jakt etter pinnestyrte rakettar, og visste ikkje at forbodet mot denne type rakettar allereie hadde tredt i kraft. –Eg trudde det var etter nyttår eg, fortel ho. Ho tykkjer det er litt dumt at ein ikkje kan få kjøpt rakettar hos fyrverkeriforhandlarar lenger, men forstår kvifor det er eit forbod. – Eg har sett fleire nestenulykker, så eg forstår veldig godt at det har kome eit forbod. Likevel tykkjer eg det er litt dumt. Det er heilt klart dei store rakettane som er aller finast, seier ho. Så når ho ikkje fekk rakettar, droppa ho like godt fyrverkerihandelen i år. – Effektbatteri vil eg ikkje kjøpe. Det får heller dei som eg skal feire nyttår saman med ta seg av, smiler ho.

Henrikke Vågen Bjerknes var innom G-sport Hofseth for å kjøpe rakettar, men fekk ikkje med seg heim det fyrverkeriet ho hadde tenkt.
Pinnestyrte rakettar og fyrverkeri som ser ut som leiketøy er forbode å bruke i nyttårsfeiringa illustrasjon: sveafireworks.no