Det blir no gjennomført søk i huset og i området rundt. Ein person kom seg ut frå huset og er teken hand om av ambulansepersonell. Brannen var i eit eldre trehus med hovedetasje og loft. Huset ligg altså på Flusund på Bergsøy i Herøy kommune. Lensmann Per Otto Myklebust i Herøy opplyser til Sunnmørsposten at det lokale kriseteamet er klare til å ta hand om dei som har blitt råka i brannen. Myklebust seier til Sunnmørsposten at ordføraren, kommunelegen og ein psykiatrisk sjukepleiar er på plass i rådhuset i Fosnavåg. Dei arbeider no med å kome i kontakt med dei pårørande.
Nyhende →
To omkomne i husbrann på Flusund i Herøy
Politiet mottok kl 0636 i natt melding om ein brann i eit hus på Flusund i Herøy kommune. To personer er funne omkomne. Politiet kan ikkje seie noko om identiteten til dei omkomne.