Levekårsutvalet gjekk samrøystes inn for å auke satsen til dei fem ikkje-kommunale barnehagane som har minimumssats i 2012, opp til 95 prosent av kommunal sats.

Vidare ber levekårsutvalet kommuneadministrasjonen om å leggje fram for formannskapet kva som må til for at dei barnehagane som ikkje har 100 prosent tilskot skal gå i balanse. Dette med tanke på å gje ekstraløyving så tidleg som råd.

Legg Sundgotmarka barnehage til grunn

Det er ti barnehagar i Ulstein kommune, berre ein av dei er kommunal. Det er dei budsjetterte driftskostnadene til den kommunale barnehagen som blir lagt til grunn når kommunen skal rekne ut kva dei private barnehagane skal få i støtte.

I samband med at det i 2011 vart innført eit nytt finansieringssystem av private barnehagar (barnehagane får alt offentleg tilskot frå kommunen dei høyrer til), har dei sju kommunane på Søre Sunnmøre inngått eit samarbeid med Telemarksforsking. Telemarksforsking har på oppdrag frå kommunane utarbeidd felles lokale retningsliner.

Kommunen er pliktig til ei opptrapping der dei private barnehagane i 2015 skal få same tilskotet for kvar heiltidsplass som det den/dei kommunale får. I 2012 er kommunen pliktig til å gje dei eit tilskot på 91,42 prosent. Men Ulstein kommune har fått tilbakemeldingar frå dei private barnehagane om at dei treng tilskot på meir pengar.

Ikkje alle får like mykje

Dei ulike private barnehagane i kommunen får ulik støtte. Tre private barnehagar får allereie hundre prosent, medan andre får mindre. Tilrådinga i levekårsutvalet går ut på at dei private barnehagane som slit skal kome betre ut. Difor føreslår dei at dei fem barnehagane som har minimumssats skal opp frå 91,42 % til 95 prosent av kommunal sats i år.

Til førstkomande møte i Ulstein formannskap (24. januar) skal kommunalsjef for oppvekst og kultur, Leif Ringstad, utarbeide eit notat som mellom anna seier kor mykje pengar dei private barnehagane treng i tilskot for å gå i balanse. Notatet vil også seie noko om kva det vil koste kommunen å gje dei ekstra tilskot. Han anslår at det kan vere snakk om rundt ein million kroner, som truleg vil bruke opp bufferen kommunen i utgangspunkt hadde budsjettert med til ekstraløyvingar.