Bunker tanker.

- Vi synes det er gledeleg at Rolls-Royce held fram med å vinne kontraktar i den tøffe brasilianske marknaden, trass i aukande konkurranse. Spesielt kjekt er det når vi kan signere kontraktar både for offshore- og handelsfartøy på same tid med same kunde, seier salgssjef Atle Gaasø, Ship Technology- Offshore.

Offshorekontraktane består av design og utstyrspakkar til fire UT 535 E Oil Spill Recovery Vessels (OSRV), som er designa med system som skal forhindre øydeleggingar ved oljesøl, samt trygg overføring av oppsamla olje. Fartøya skal byggast ved Navegação São Miguel Ltda sitt verft i Niteroi, Brasil, der det alt er to liknande Rolls-Royce fartøy under bygging.

Planlagt levering av offshorefartøya er i løpet av 2013 og 2014.

- Vi er svært glade for å signere denne kontrakten med Navegação São Miguel Ltda. Dette er den fyrste ordren i Brasil for Rolls-Royce når det gjeld design av handelsfartøy, og den kom endeleg i hamn etter to års verdifullt samarbeid med rederi og verft. Skipa er utvikla i samarbeid med Navegação São Miguel Ltda, og møter alle krav for skip i denne spesielle nisjen, seier Rune Ekornesvåg, salgssjef i Ship Technology- Merchant.

Bunkertankarane er av det nye Rolls-Royce designet NVC 604 BT, og skal også kunne forsyne skip som er til havs med drivstoff. Dei 90 meter lange fartøya er designa for å operere langs kysten av Brasil, og utstyrt etter strenge krav der det særleg er lagt vekt på stort tankvolum, høg dødvekt og god kurs-stabilitet i grunt farvatn. Fartøya er klare for levering mot slutten av 2014.

Oil Spill Recovery Vessel. Mar Limpo IV.