Stormen "Dagmar" fekk Hareid kommune til å opne greinavfallsplassen for nokre dagar i romjula. No melder Hareid kommune på nettsida si om at greinavfallsplassen blir open nokre dagar også denne veka.

Han var open frå i dag (onsdag) og til og med fredag på dagtid.

Det er reint grøntavfall som kan kastast, ikkje røter og trestammar.

Skikkeleg kvista stammar kan leverast ved utelageret etter tilvising.

I slutten av neste veke vurderer kommunen om plassen skal ha ope også neste veke.

Opnar greinavfallsplassen att