Denne veka lurer vi på kva lesarane våre trur om Hødd si framtidsvon. Vert laget verande i Adeccoligaen enda ein sesong, eller vert det nedrykk? Det endelege svaret får vi etter bortekampen mot Bodø Glimt komande helg. Inntil vidare: Gå inn på vekespørsmålet og fortel oss kva du trur.

Åtte av ti vil ha slutt på halloween

Sist veke spurte vi om halloweenfeiringa burda avskaffast her i landet. Skal vi døme etter svara som folk har gitt, er det på høg tid at vi vert kvitt denne skikken. 80 prosent av dei som svarte meinte at vi burde få ein slutt på feiringa.