- Festivalen byr på stor og variert underhaldning for alle aldersgrupper. Vi håper alle tar turen til Fosnavåg denne sommaren for å få med seg denne folkefesten, seier Lene Moen Karlsen i Herøy Marknadsforum. Ho fortel at dei i år ha vore så heldige å få vere ein del av turneen til det ko karakteriserer som Noregs kanskje beste liveband, STAGE DOLLS. - Fredag 19. juni er det lagt til rette for ein heidundrandes rockefest som vil ligge i minna til publikum i lang tid, seier Moen Karlsen. Elles kan sommarfestivalen by på artistar som Benny Borg, Kruttrøyk, Steinar Engelbrektson Band, jentegruppa SEVEN og mange lokale grupper. Redningsskøyta Elias kjem og det gjer også Tare frå Havlandet. Den tradisjonelle Volleyballturneringa finn stad i Parken laurdagen. Nytt av året er dansegallaen der det blir lagt stort dansegolv framfor festivalscena. Nytt er også bandmønstring som er lagt til ungdommens dag torsdag 18.juni. Lokale band frå nabokommunane på Ytre Søre konkurrerer om ei pengepremie, og dette arrangementet er gratis og rusfritt.
Nyhende →
Det nærmar seg festival i Fosnavåg
Årets Maritim Sommarfestival i Fosnavåg brakar laus 18. juni og held det gåande til søndag 21. juni.