Ein av dei, Finn Sindre Eliassen, fortel at det blir vurdert å sende ein klage til kontrollutvalet i kommunen med heimel i forvaltningslova.

– Eg er ingen jurist. Men i lova paragraf 11A står det at saker som er viktige for allmenta skal behandlast innan éin månad. Kommunestyret må forstå at treneringa av saka er fullstendig uakseptabel. Ordføraren og kommunestyret må ta ansvar og få saka ut av verda, meiner Eliassen.

Som fryktar for framtida til bygda Brandal dersom saka dreg ut i tid.

– Enkelte har allereie sagt at dei flyttar herifrå dersom heile fjorden blir avsperra av eit oppdrettsanlegg. Og det vil heller ikkje bli attraktivt å flytte hit, seier Finn Sindre Eliassen.

Les også:

* Krev omregulering

* 212 underskrifter