Rådmannen i Hareid foreslår å gå i dialog med Brandal Vel og Brandal Friskulelag med tanke på å få avhenda Brandal skule. Rådmannen si tilråding til formannskapsmøtet 10. juni er å legge til rette for lokal samfunnsutvikling i form av å tilby bygda bygget vederlagsfritt slik det står, og slik at det kan nyttast til beste for ålmenta og innbyggarane. Kommunen har tidlegare vedteke å selje eigedomen, men har ikkje lykkast med det.