(NPK-NTB): Forslaget til forsvarsminister Ine Eriksen Søreides (H) om å droppa eigne helikopter for Hæren har ikkje fleirtal på Stortinget, og det kan bli omkamp om talet på HV-soldatar.

Det er to av utfordringane for regjeringa når Stortinget skal ta fatt på langtidsplanen for Hæren og Heimevernet – landmaktproposisjonen – som blei lagt fram fredag.

– Det blir spennande å sjå kva som skjer i Stortinget. Vi har ikkje inngått nokon avtale som inneber at vi er bundne når dette skal behandlast, seier forsvarspolitisk talsperson i Arbeidarpartiet Anniken Huitfeldt til NTB.

Ikkje gift med talet

Ap redda regjeringa når samarbeidspartia Venstre og KrF trekte seg frå forhandlingane om langtidsplanen for Forsvaret i førre periode. Kuttet i talet på HV-soldatar til 38.000 var ein viktig grunn til at Venstre og KrF sa takk for seg.

No strekar forlikspartnar Ap under at forliket gjeld Luftforsvaret og Sjøforsvaret – og ikkje legg bindingar for behandlinga av landmaktutgreiinga. Tvert om opnar Huitfeldt for at Ap også er villig til å sjå på talet av HV-soldatar på nytt.

– Vi har ikkje gifta oss med talet, seier ho.

Ønskjer 45.000

For Venstre, KrF, Senterpartiet og SV er saka klar. Dei ønskjer omkamp om HV-kutta.

– Venstre meiner framleis at behovet er 45.000 soldatar, seier nestleiar Ola Elvestuen.

– KrF vil undersøkja grunnlaget for å reversera reduksjonen i HV-styrkane, varslar KrF-leiar Hareide.

– Vi ønskjer ei styrking, ikkje ein reduksjon, seier forsvarspolitisk talsperson i Senterpartiet, Liv Signe Navarsete.

For Ap blir det eit spørsmål om heilskapen:

– Vi prioriterte å auka budsjetta til HV i forsvarsforliket, seier Huitfeldt, og legg til:

– Vi skal vurdere talet som ein del av behandlinga av heile proposisjonen. Men godt utstyr er også viktig. Vi treng ikkje HV-soldatar på papiret.

Helikopternederlag

I tillegg ser det ut til at regjeringa kan gå på eit nederlag med forslaget om ikkje å vidareføra helikopter for Hæren.

– Vi er usamde med forsvarsministeren og samd med forsvarssjefen om at Hæren treng helikopter. Og her er det eit anna fleirtal på Stortinget enn det regjeringa legg til grunn, seier Huitfeldt.

Ho er også svært kritisk til at landmaktproposisjonen ikkje inneheld ei utrekning av kva det vil kosta å halda helikoptera ein har i dag på Bardufoss.

– Det var ein del av avtalen i forsvarsforliket, slår ho fast.

– Det er beklageleg at det ikkje er funne rom for nye transporthelikopter til Hæren, og at regjeringa ikkje ser ut til å snu når det gjeld helikoptermiljøet på Bardufoss, seier Hareide.

– At Hæren ikkje får eiga helikopterstøtte, er svært kritisk, seier SV-leiar Audun Lysbakken.

Dytta fram i tid

Frå fleire hald blir det også kritisert at innkjøp av nye stridsvogner blir dytta på til 2025.

– Det er svært langt fram i tid. Vi må sikra at landmakta har nok stridsvognkapasitet fram til det, seier Abid Raja i Venstre.

Navarsete seier at Sp vil gå i dialog med «dei som har sitt daglege virke» og finna ut kva konsekvensar det får når stridsvognene ein har i dag skal haldast ved like – men ikkje oppgraderast – fram til nye er på plass.

– Det er sterkt beklageleg at Høgre og Frp gjennomgåande skubbar Hæren og HV ut i tid, seier Huitfeldt.