Vikebladet Vestposten møtte fredag Liv Ellen Overå, Samuel Holstad, Kine Larsen Thorvaldsen og Celine Leine Finvik, fire av elevane ved Hareid ungdomsskule. Overå fortel at ho ikkje har hatt applikasjonen på sin smarttelefon, men har linka til den. Dei tre andre fortel at dei har hatt «Sarahah» nedlasta, men seinare sletta den.

- Vi såg sjølve og fekk vite av andre kor mykje forferdeleg stygt som blei sagt om folk i denne appen. Dette gjaldt også elevar her på Hareid. Difor er det mange som ikkje vil ha den meir, seier tiandeklassingen Liv Ellen Overå, som også er elevrådsleiar.

Elevrådkontakt og lærar Ann-Kristin Snipsøyr har også lasta ned appen. Det var ho som først sa i frå til skuleleiinga om at «Sarahah» blei nytta av elevane ved skulen.

- Eg såg raskt at mykje av det som blei skrive om folk ikkje var bra. Etter å ha snakka med fleire av elevane fann eg ut at mange av dei hadde hatt den, eller framleis har den. Rundt rekna femti prosent av elevane, blei eg fortald.

Skulen la ut ei melding på sine Facebook-sider, og har elles orientert foreldra til elevane om denne applikasjonen. Etter det har fleire av elevane sletta appen.

- Mange stygge kommentarar

Liv Ellen Overå, Samuel Holstad, Kine Larsen Thorvaldsen og Celine Leine Finvik fortel at dei veit om mange medelevar som har fått ekle meldingar frå andre. Problemet er at ein ikkje veit kven som har sendt meldinga, då vedkomande er anonym.

- Vi veit det er fleire som har fått svært stygge kommentarar. Det kan vere karakteristikkar til dømes. Korleis ein kler seg og korleis ein er som person. Det meste som kan nyttast til å mobbe andre. Vi veit også om fleire som har fått svært alvorlege meldingar. Ein elev fekk til dømes ei melding om at vedkomande burde drepe seg sjølv, seier dei fire.

- Så har vi også høyrt om ei jente som blei kalla for hore. Same personen fekk så fleire meldingar frå fleire personar som meinte at personen laug om at vedkomande hadde blitt voldtatt. Men det slutta ikkje med det. Jenta fekk så melding frå ein person som sa at han og kameratane hans skulle samle seg og kome og valdta ho. Dette gjaldt ikkje ein elev ved Hareid ungdomsskule, men det er like fullt svært alvorleg at slike ting skjer, seier Liv Ellen Overå.

Elevane fortel at det også blir slengt mange rasistiske merknader mot folk gjennom appen.

Åtvarar mot appen

Den siste tida har det vore mykje fokus på applikasjonen, sist gjennom uttalen frå politiførstebetjent Vidar Aasvangen ved Nes lensmannskontor i Øst politidistrikt, som gjennom TV2 åtvarar mot den. Den har blitt kalla for ein «mobbe-app», og blir ifølgje fleire misbrukt i forhold til intensjonane til utviklarane bak «Sarahah». Utviklaren sjølv beskriv «Sarahah» som ein app «som gjer at ein kan få «ærlege tilbakemeldingar frå sine tilsette og vener på ein privat måte».

- Eg skjønar kva utviklarane har tenkt, men eg trur ikkje nødvendigvis dei har tenkt godt nok over at den også kan misbrukast. Ikkje bruk den, rett og slett, seier elevrådsleiar Overå til slutt.

Vikebladet Vestposten har vore i kontakt med utviklarane bak applikasjonen, men har ikkje fått nokon kommentar til denne saka.