Då Ulstein formannskap tidlegare i haust diskuterte om kommunen skal ta i bruk oreigning for å ta få hand om eigedom gnr. 6, bnr. 6, 12, 25 og 126 på Skeide, vedtok dei at partane skulle få ein frist til 1. desember på å bli samde.

Venstre ville gjerne utsetje at denne saka kom til kommunestyret til etter 1. desember, men det fekk dei ikkje fleirtal for i kommunestyret. Utsetjingsframlegget fekk berre deira tre røyster og fall.

Resten av kommunestyret gjekk for oreigning. Heimel for vedtaket er reguleringsplan for Skeide vedteken av kommunestyret den 17. desember 2015, sist revidert 15. desember 2016.

Det blir også søkt fylkesmannen om rett til å ta grunnen i bruk etter oreigningslova.

Kommunestyret viser til dei drøftingar som har vore med parten og føreset at tingingar om overtaking av aktuelt areal blir forsøkt tatt opp igjen basert på avtaleframlegget frå september 2017.