Statens vegveset tilrår bilistar å skifte over til vinterdekk no om dei tenkjer å køyre opp i høgda i haustferien. Alt no er det snø ved fjellovergangar i Sør-Noreg.

– Om du gamblar med å køyre med sommardekk på vinterføre er det store sjansar for at erstatninga blir redusert om du kolliderer, seier kommunikasjonsrådgjever Torbjørn Brandeggen i Tryg Forsikring i ei pressemelding.

På denne tida av året er det fort gjort å bli overraska med vinterføre. Sjølv om det er plussgradar og bare vegar i låglandet, kan det vere is og snø når ein kjem litt opp i høgda. Tar du sjansar kan du utsetje både deg sjølv og andre for fare.

Yr.no melder nedbør og temperaturar under null gradar til helga på Strynefjellet. Dei melder også minus og nedbør på Sognefjellet.