I løpet av berre ein dag har ein ny, stor hall reist seg i Hareidsmyrane.

Det er Nordvest Bygg & Interiør som står bak. Dei er bl. a. forhandlarar av Vestlandshus og vil bruke hallen til å samle alle eigendelane sine. Firmaet tek med dette flytting frå Ulsteinvik, der dei har halde til på Brendehaugen.

Hallen er på 15 x 30 meter – og dermed 450 kvm. Dette er 1. byggetrinn – og det kan kome på tale med eit byggetrinn til. Firmaet leiger kontorlokale i Ekornes-fabrikken like ved.

Hallen ligg på den store trekant-tomta aust om krysset mellom vegane «Hareidsmyrane» og «Isakdalen». Granne på den andre sida av vegen er Myrtunet.

Nordvest Bygg har tre aksjonærar: Hallgeir Kvammen,  Rigmor Skaue Kvammen og Kristoffer Kvammen.