Vi har dei siste dagane vore heldig med finevêr over Hareidlandet og resten av regionen. Ifølgje vêrmeldingstenesta Yr.no er no slutt på dette for ei stund.

9,5 millimeter nebør

Måndag har vi hatt temperaturar rundt behagelege 18 varmegrader, blå himmel og sol. Dette held fram til midnatt, natt til tysdag, då vêret vil slå om til delvis skya og regn.

Tysdag held regnet fram. Nedbørsmengda vil auke monaleg frå 0,4 millimeter nebør til 9,5 millimeter nebør til kvelden. Temperaturen gjennom dagen vil ligge på om lag 15 grader. Viden er kategorisert som laber og kjem frå sør-sørvest med ei styrke på slappe 7 meter i sekundet.

Onsdag ser det allereie betre ut med lite regn om morgonen og delvis skya og sol midt på dag. Framleis er det utrygt for lokale regnbyger. Temperaturen er redusert til 10 grader på det lågaste. Nebørsmengda ligg på mellom 0,4 millimeter og 1,8 millimeter, noko som er lite. Mindre vind vert det også med 3 meter i sekundet frå sørvest.

Torsdag og fredag er det slutt på regnet, men det vil framleis verte overskya og grått heile dagen. Tmeperaturen vil liggje på om lag 12 grader.