Å køyre ATV med fleire øl "innabords" kan fort få konsekvensar. Det har ein mann frå Ytre Søre fått erfare.

I Sunnmørs tingrett vart han måndag dømt til fengsel på vilkår i 18 dagar, tap av førarretten i 21 dagar, og til å betale ei bot på 40.000 kroner.

Det var i mai i år mannen la ut på ein om lag 16 km lang køyretur. Maks fart på ATV-en var ca. 30 km i timen i oppoverbakken, noko raskare i nedoverbakke. Mannen hadde drukke nokre øl før køyringa denne kvelden, men tenkte ikkje over at han var berusa.

På heimveg vart han stoppa av politiet. Utandingsprøva viste ein alkoholkonsentrasjon på 0,5 milligram per liter luft. Vegtrafikklova seier at det skal reagerast med bot og betinga eller ubetinga fengsel ved alkoholkonsetrasjon målt til mellom 0,25 og 0,6 milligram per liter luft.