Ein mann frå Ulstein er av Statsadvokatane i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane sett under tiltale ved Sunnmøre tingrett.
Bakgrunnen for tiltalen er blant anna at mannen i juli i år under eit besøk på Quality Hotel Ulstein sette fram truslar om å drepe ein mann. Han kasta også varm kaffi i andletet på han. Den tiltalte skubba også til ei kvinne, tok tak i kroppen hennar bakfrå, samtidig som han tok kvelartak på henne.
Politiet vart tilkalla, og i cellebilen på veg mellom Ulsteinvik og Hareid, prøvde mannen å bite ein politibetjent i foten to gonger. Han kom også med truslar mot ein annan poltibetjent.
Tiltalen går dermed ut på at mannen har øvd vald og truslar - og at han har prøvd å hindre offentlege tenestemenn i tenesta si.