Fyrstkomande helg går Herøyspelet «Kongens Ring» 2014 av stabelen i Herøy amfi. Tradisjon tru går det mot ei folkerik helg, full av opplevingar og drama på denne idylliske øya i Herøyfjorden.

Velkomen til øya Herøy

Mang ei fiskarkone har stått her ute på dei graskledde haugane, med barnet sitt på armen og vinka mannen heim frå skumkvitt hav. Mang ein pilegrim har funne trygg og fredfull hamn her, langs sjøvegen til og frå Nidaros. Mang ein viking har satt foten i fjøresteinane, etter ei stormfull ferd frå vest, ute på rov eller med fred i sinnet. Historia har i mange hundre år har satt sine merker i jord og stein og fjøresand her på Herøy. Havet, vinden og tida som går og kjem viskar vekk nokre teikn, medan mange enno står att og talar for oss om livet, og alle liva som sette sine spor her. Kong Olav Haraldsson med sitt fylgje steig også i land her ein gong, og søkte ein mann som kunne verta kongen lydig og fare vest i havet, til Færøyane og innkrevje skatten der. Møre-Karl vart mannen. Ein herjar. Ein lovlaus mann til eit lovlaust land, med Kristi lov i hjartet og med Kongens Ring på hand. Mang ein mann har støtt båten frå land her, på ferda mot enden  eller  ei ny byrjing.

Herøyspelet

Fyrstkomande helg kan du gå i land på Herøy og oppleve dramaet i Herøyspelet «Kongens Ring», om Møre-Karl og kongen, om Unn den Fagre og festarmannen Ingolv, om trolldomsmakt og Herøyfolk og Herjungar. Med over 200 aktørar på scena, profesjonelle skodespelarar, kor og orkester, har publikum ei opplevingsrik helg i vente.

- Prøvene til spelet starta i førre veka, og det er veldig kjekt å sjå denne historia verte levandegjort på ny, med alle aktørane og framifrå profesjonelle skodespelarar. For meg går det mot ein vellukka ende på mange månaders arbeid og førebuingar. For publikum går det mot ei ny byrjing på dette fantastiske dramaet som utspelar seg i Herøy amfi til helga, seier dagleg leiar i Herøyspelet, John Andre Nærø.

Herøy Amfi og Herøy gard

For dei som tek turen til Herøyspelet vil i år få oppleve Agnes Kittelsen, Anette Hoff, Nils Ole Oftebro og mange andre kjende og kjære skodespelarar frå norsk teaterliv. Herøyspelet har i år også med nokre heilt nye skodespelarar. Audun Sandem og Eirik del Barco Soleglad kan opplevast i rollene som Olav den Heilage og Ingolv Ynda.

- Sandem og Soleglad har merittar både frå TV og teater, men i Herøyspelsamanheng er dei nye, og det er alltid spanande med nye skodespelarar og kva dei tilfører spelet. Vår eigen Olgunn Torvanger skal jo også ha ei hovudrolle i årets spel. Dette er veldig kjekt, og vi er stolte over både våre tilreisande og lokale skodespelarar, kor, orkester og frivillige aktørar.

Både før og etter framsyningane kan folk nyte livet på Herøy gard, der det er sal av mat og drikke, billettar og Herøyspeleffektar. På garden er det også betalingsterminalar. Gratis publikumstransport er som tidligare med båt eller buss. Båten går frå Mjølstadneset og busstransporten går i år frå Stokksund skule.

- Eg vil ynskje alle varmt velkomen til årets framsyningar av Herøyspelet «Kongens Ring», folkefest og folkeliv på Herøy gard og storslått drama og musikk i Herøy amfi, avsluttar Nærø.