– Det er mye å gle seg over i Statsbudsjettet 2015. Men det er også nokre område som regjeringa skuffar på, seier dagleg leiar Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest.

Mest positivt er at det blir lagt opp til ein ansvarleg økonomisk politikk, at formueskatten blir redusert, at nettolønnsordninga blir justert og at det blir satsa på forsking og utdanning generelt.

Det Ingjerd er mest skuffa over mangel på tiltak for meir godsfrakt sjøvegen, inga satsing på maritim miljøteknologi og ikkje minst at pengane til forsking og utdanning framleis sentraliseres.

Svak finansiering av maritim utdanning

Regjeringa styrkar satsinga på kvalitet i høgare utdanning og forsking med ein realvekst på over 2 prosent i 2015. Det er positivt, men for høgskulane i Ålesund og Molde representerer ikkje budsjettet noko styrking. Dessutan er finansieringa av ei dyr maritim utdanning framleis på nest lågaste nivå.

– På dette punktet følgjer ikkje Høgre opp kva dei har i sitt eige partiprogram, seier Ingjerd.

Maritim utdanning på Fagskolen er også underfinansiert. Høgre har varsla at Staten bør eige og finansiere Fagskolen, men dette kjem først til behandling etter at Fagskoleutvalget har lagt fram si innstilling nærmare jul.

Meir til forsking, men auka sentralisering

Regjeringa varslar ei opptrapping av pengar til forsking og vil bruke 1 prosent av bruttonasjonalproduktet på forsking og utvikling (FoU) innan 2019–2020. Men auka satsing på forsking ser nok ein gong ut til å kome dei største byane til gode.

– I regionane der mykje av verdiskapinga skjer, må me framleis ta til takke med småpengar, seier Ingjerd.

Han ser det som positivt at programmet Brukerstyrt innovasjonsarena blir auka med 70 millionar kroner, at det blir lagt opp til ein auke på 110 millionar kroner til etablerartilskot under Innovasjon Norge, men han etterlyser framleis ein regional forskingspolitikk. Vidare stiller han seg undrande til at dei såkalte regionale utviklings¬midlane blir kutta med 200 millionar kroner.

Det er positivt at Regjeringa varslar at hav skal vere eitt av sju hovudsatsingsområde i langtidsplanen for forsking, men det er skuffande at det maritime forskningsprogrammet Maroff ikkje får auka rammer i 2015.

Hevar taket i nettolønnsordninga

Sånn Maritimt Forum Nordvest ser det er tilskotsordninga for sysselsetjing av sjøfolk eit av dei viktigaste verkemidlane for å sikre arbeidsplassar og vekst i maritime næringar. Kostnadsulempen ved å bruke norske sjøfolk har auka. Regjeringa føreslår derfor at grensa for maksimal refusjonsutbetaling per sjømann i nettolønnsordninga blir auka i tråd med forventa prisvekst i 2015. Dette ser Ingjerd på som positivt, men Maritimt Forum meiner framleis at taket må fjernast for at me i Noreg skal få dei same rammevilkåra som dei reiarlaga våre tevlar med.

Formuesskatten

Norsk privat eierskap er viktig for å sikre investeringer i norske arbeidsplasser. Regjeringens forslag om en mindre reduksjon i formueskatten er derfor positivt, men mange av våre medlemmer hadde ønsket seg en fjerning av hele formueskatten. Først da vill norske eiere får samme konkurransevilkår som utenlandske eiere i Norge.

Tar ikkje i bruk maritimt miljø-potensiale

Maritim næring har eit stort potensiale til å bidra i miljørekneskapen, men i budsjettet frå miljøministeren er det ingen særskilde maritime tiltak. Det er skuffande, både sett frå næringa og ein klimaståstad.

Avgiftsauke for sjøtransporten

– Regjeringa seier ho vil leggje til rette for at meir gods skal transporterast til sjøs, men det er ikkje føreslått nokre nye konkrete tiltak av betydning. Det blir vist til prosjekt for auka kunnskap og den kommande hamnestrategien. Samstundes aukar dei losavgifta, losberedskapsavgift og farledsbevisavgift med over 7 %. Dette stimulerer ikkje til å flytte meir godstransport frå vogntog og over på sjø. Det er heller ikkje lagt inn pengar til ei tilskotsordning for å velje sjøtransport foran vegtransport slik Maritimt Forum har etterlyst, varslar Ingjerd.

Han synest likevel det er positivt at sjøtransporten blir inkludert i Statens infrastrukturfond ved at 10 % av avkastninga til fondet skal gå til kystføremål.

Det er også positivt at regjeringa øyremerkjer 20 millionar kroner i planleggingsmidlar til Kystverket og at reguleringsplan for Stad skipstunnel er spesielt nemnt i statsbudsjettet for 2015.

Nærare ”ferjefri E39”

Innafor budsjettforslaget for 2015 er det sett av pengar til planlegging av Ferjefri E39 også gjennom Møre og Romsdal, men det er ikkje omtalt kor mange kroner. Maritimt Forun Mordvest vil tru at det blir nok pengar til å halde fram planleggingsarbeidet og at ”Ferjefri E39” er eit stykke nærare realisering. Dei meiner det er viktig at det ikkje blir stopp i planlegginga. Maritimt Forum Nordvest bad igjennom Agenda E39 om 100 millionar kroner til i planleggings- og utviklingsmidlar for å sikre optimal framdrift i prosjekta Hafast, Møreaksen og Halsafjordsambandet, inkludert tilførselsvegar.

I budsjettforslaget for 2015 er det lagt til grunn at det skal setjast inn ekstra ferjekapasitet i sambanda E39 Halsa – Kanestrøm og E39 Molde – Vestnes. Maritimt Forum Nordvest hadde også ønskt ei tredje ferje i Hareid-Sulesund.