Musikklaget Melshorn (dir. Jette Degn) sine 42 musikantar hadde fullklaff med konserten, som talde 20 James Bond-klassikarar.

Dei fire songsolistane Merete Brandal Godø, Trine Teigene, Torill Oda Ringstad og Rolf Magne Tømte imponerte på kvar sine måtar – og konferansier Wilhelm Støylen batt det heile saman i ein ”på kanten-vittig” stil - som seg bør ein som skal etterlikne 007-agenten.

- Er du her for å høyre på? spurde ei av dei fire damene i Stine Karoline Eliassen si dansegruppe, tett omkransande konferansieren.

Støylen (Bond) tenkte seg om ei stund. Så kom det.

- Nei, mest for å sjå.

Meir frå konserten i papiravisa tysdag.