Møre og Romsdal fylkeskommune har sett av 7,4 mill. kroner til eit omstillingsprogram for oljerelatert leverandørindustri. Klynger og nettverk av bedrifter blir oppmoda om å søkje. Søknadsfrist er 13. mai.

– Fallet i oljeprisen er noko som rammar Møre og Romsdal hardt, og situasjonen er krevjande for både bedrifter og tilsette i oljerelatert næringsliv. Det er også vanskeleg å skaffe nok lærlingplassar for elevar som skal ut i industrien, seier regional- og næringssjef Bergljot Landstad.

– Regional- og næringsutvalet har sett av ein pott på 7,4 mill. kroner til eit omstillingsprogram og fylkeskommunen lyser no ut desse midlane. Innretninga er på programmet er gjort i tett dialog med næringslivet og klyngene, seier Landstad.

Kven kan søke?

Dei som kan søkje er klynger og nettverk av bedrifter. Enkeltbedrifter kan ikkje søke.

Kva kan det søkast støtte til?

Det kan søkast støtte til prosjekt som bygger opp under tre hovudtema:

1. Mobilisere til forsking og innovasjon

Omstilling krev at nye tankar og kunnskap blir omsett til handling. Globale trendar som digitalisering, tingenes internett og bærekraft påverkar alle næringane i fylket. Fylket har ein ny forskings- og innovasjonsstrategi under utvikling. Det er naturleg at prosjekta er forankra i denne.

2. Omstillingstiltak for bedriftsnettverk/bransjar som ønskjer å nå nye marknader

Mange bedrifter ser i desse dagar mot nye marknader. Dette er noko som krev at bedriftene må forstå korleis marknaden ein skal inn på fungerer, og kva produkt og tenester dei kan dekke som vil gi meirverdi for kunden.

3. Tiltak for å betre situasjonen for lærlingar

For å få støtte, må prosjektet legge til rette for at flest mogleg lærlingar fullfører utdanninga si. Vidare må utdanningsavdelinga i fylkeskommunen godkjenne det faglege opplegget. Prosjekt retta inn mot læringar innan teknologisk og industriell produksjon vil bli prioritert.

Generelle kriterium for alle prosjekta er at midlane skal gå til tilretteleggande tiltak, det vil seie tiltak for fleire bedrifter eller ein bransje. Fylkeskommunen kan støtte inntil 50 prosent av prosjektkostnadene.