Det største tiltaket er klassikaren «Hjørundfjorden Rundt» 1.-6. august – med start frå Melbøsetra i Barstadvika.

Første dag går turen over til Standalhytta, via Molladalen. På Standalhytta blir det bacalao å få.

Dag 2 går over til Sæbø via Nøvedalen med overnatting i enkle hytter på Hjørundfjord camping.

Dag 3 tek turfølgjet drosje til Rognestøylen i Bondalen og går derifrå over til Finnes og Bjørke – og så bratt opp til Tyssenaustet før natta. Der blir det overnatting. Dei som ikkje får  plass i hytta, må ligge i telt.

Frå Tyssenaustet går så 4. dagsvandring til Patchellhytta via Fivelstadhaugen. Det blir sett opp taxi gjennom Norangsdalen til Skylstad der stigningna til Patchellhytta startar.

Dag 5 går nedover Langseterdalen til Urke og vidare til ferjekaia på Leknes der ferja tek deltakarane ut til Trandal og overnatting i telt/lavvoo – eller ein kan tinge seg plass på Christian Gaard på eiga hand.

No er det berre avslutningsdagen att. Den 6. etappen går opp Trandaldalen på grusveg og vidare opp gjennom skaret mellom Trandal og Riksheimdalen.

Turen endar på ferjekaia i Hundeidvika.

Dei som kan tenke seg å vere med på dette, finn nærare informasjon på ÅST si nettside.