Kleven inngjekk i vår ein intensjonsavtale om å bygge inntil fire nye hurtigruteskip. Avtalen er ei av dei største investeringane i hurtigruten si historie, og mykje tyder på at det er kunngjering av denne kontrakten som gjer at både statsministeren og konsernsjefen i Hurtigruten i dag kjem til Kleven.

Alle dei tilsette ved Kleven Verft, pluss pressa, er inviterte til å vere med på seansen.

Kontrakten kan sikre arbeid for fleire hundre verftstilsette og underleverandørar i åra framover.

I utgangspunktet var fristen for å bli samde om kontrakten 16. juni, men den vart utsett til 29. juni.

Dei nye skipa som Hurtigruten ønskjer å bygge har 300 lugarar og plass til 600 passasjerar, og skal kunne gå både langs kysten og som ekspedisjonsskip i polare farvatn