Helseminister Bent Høie reiser til Møre og Romsdal før jul for å drøfte framtida til Volda sjukehus, ifølgje Møre-Nytt.

Avisa viser til informasjon frå Ørsta Høgre. Helseministeren la fredag fram Nasjonal helse- og sjukehusplan.

– Det er viktig at det kjem ein nasjonal sjukehusplan. Men eg synest det blir for enkelt når det å kutte akuttkirurgien ved fem mindre sjukehus er det som skal berge Helse-Noreg. Dette er ei sak vi må ta på høgste alvor, seier kommunestyremedlem Rune Hovde i Ørsta Høgre til avisa.

Ordførarane i Ørsta og Volda har sendt ein formell invitasjon til Høie der han blir beden til Sunnmøre for å bli informert om sjukehuset. Ordførarane vil òg fortelje kor uheldig dei synest det er for behandlinga av Volda sjukehus i sjukehusplanen at fylkesgrensa og føretaksgrensa mellom Sunnmøre og Nordfjord lagar ei kunstig hindring, melder Møre-Nytt.