Din Bolig AS v/ Roar Eiken har i løpet av hausten fått utarbeidt ei detaljregulering av eit 22,4 dekar stort sentrumsbyggefelt i Hareid - Pålhaugen 3.
No nærmar det seg realisering.
Etter varslinga om planstart i sommar kom det inn ni merknader, som i stor grad er tekne til følgje i planforslaget.
Din Bolig AS håper at kommunen kan legge ut planforslaget deira til offentleg ettersyn med det første.
Planområdet ligg på nordsida av vegen over Pålhaugane (den gamle innfartsvegen til Hareid). På marka nærast vegen (sjå bildet) er det lagt opp til konsentrert småhus-utbygging, medan det elles i feltet - nordover mot fylkesvegen - skal vere frittliggande einebustader.
Her er nokre moment frå merknadslista:
Statens vegvesen påpeiker at nokre av husa (dei frittliggande einebustadene) blir liggande nært fylkesvegen, som har ein døgntrafikk på om lag 6900 køyretøy. Det vil føre til trafikkstøy og luftfor-ureining - og vegvesenet ber derfor om at byggegrensa blir trekt tilbake i god avstand frå fylkesvegen.
Fylkesplansjefen peiker på at der ligg ei gravhaug - “Tuå” - innafor planområdet. Denne er freda. For å unngå konfliktar ber dei om at haugen blir ein del av planen sitt friområde. “Tuå” er røyvd i toppen, men kan vere fagleg sett interessant i botnen. - Vi har døme på at dette er tilfelle sjølv der ingenting er synleg av haugen, skriv fylkesplansjefen, som trur at utbyggar må rekne med å legge ut 60.000 kroner for arkeologiske registreringar i feltet - der arkeologen jobbar ei og ei halv veke i feltet og deretter ei veke med å skrive rapport.
Spesialområde for bevaring
Fylkesplansjefen peiker også på at tunet på Pålhaugane med stove, løe og stabbur er SEFRAK-registrert og merka som “spesialområde for bevaring”.
NVE kommenterer at lausmassane i området er marine strandavsetningar. Dei utelukkar ikkje at det kan finnast ustabile avsetningar som leire. Dersom det er mistanke om dette, eller det vert påvist ustabile massar, må det til ei grundigare kartlegging.
Are Robertsen ber om at innkøyrselsvegen til dei nye bueiningane blir lagt i større avstand frå huset hans, ettersom det er på denne sida av huset han har den einaste uteplassen som kan ta inn ettermiddagssola.
Tove Margrete Grønnevet og Kjersti Gunn Grønnevet går imot at garden blir regulert.
Agnes Hareide og Roger Wagland, eigarar av det gamle gardstunet frå 1875, peiker på kor viktig det er å få behalde den fine utsikta som er i dag - og at husløysingane fram om dei blir slik at utsikta blir sikra.
Rom rundt tunet
Inge Hareide peiker på at tunet på Pålhaugane har vore eit landemerke og har representert skiljet mellom indre og ytre Hareid frå gamal tid. Det er derfor viktig at reguleringa tek omsyn til at det blir godt nok rom rundt tunet slik at det kan stå fram som eit positivt tilskot til både Hareid sentrum, nærmiljøet og nye bygningar. Inge Hareide peiker også på at høgdeforskjellen til dei nedanforliggande tomtene vil kunne gi dårlegare solforhold for tomtene nedanfor bakkekanten.