Siste etappe av vegen står no ferdig med asfaltdekkje. Tysdag opnar Ulstein kommune vegen saman med hovudentreprenør Aurvoll og Furesund frå Herøy.

Ordføraren kjem

Om det vert formelt med snorklipping eller ikkje, står att å sjå. Uansett meldar Ulstein kommune at ordførar Jan Berset kjem for å opne den nye gjennomfartsåra mellom dei to grendene.

– Det er planlagt ein enkel opningsseremoni. Ordføraren står føre opninga, og seremonien vil skje rett etter vegkrysset til Onglasætra bustadfelt, fortel avdelingsleiar Odd Kåre Wiik i ei melding på kommunen sine heimesider.

I rute

Aurvoll og Furesund som hadde planlagt opning i midten av desember, er meir en godt i rute med vegen – trass i at delar av arbeidet med gangvegen står att.

Dagleg leiar Eivind Berge fortalde til Vikebladet Vestposten tidlegare i haust at dette arbeidet vert først påbyrja etter nyttår, og at dei prioriterte å gjere vegen ferdig slik den kunne opnast. Og tysdag skjer det.